På nokre område må eg ha komt ganske langt bak i køen i skapelsen, slik at når det begynte å minke på råvarene var det likevel ikkje anna å gjere enn å berre la det vere som det blei. Med unntak av litt meir kjøt på beina og augnevipper som går meir oppover enn nedover, kunne eg tenkt meg og vore litt betre utrusta på to område: Gje meg gjerne LITT retningssans, og gje meg evna til å snakke/gjere ETTER at eg har tenkt. Men i mangel av desse to siste eigenskapane, endar eg innimellom opp som ein forvirra laks i tunfisksalaten. For eksempel no når eg skulle til Tora for å vaske klede (me har ikkje vaskemaskin i kollektivet om dagen). Vanlegvis går eg på fem min til Nationaltheatret og tar trikk eller buss derifrå, men av og til må ein vente lenge på ein av dei to, så eg sjekka på trafikanten.no om det var raskare å ta bussen oppover og via Majorsuen. Og det var det jammen.
Eg har no gått i beskaffelse av endå eit turistart (har alltid med meg eit i veska) eins ærend for å kunne illustrere, med fargetusjar, korleis turen gjekk.
Lilla tusj: Eg tar riktig buss/trikk i riktig retning.
Orange tusj: Eg skulle køyrd i denne retninga når eg bytta buss/trikk.
Raud tusj: eg køyrer buss/trikk i feil retning.
Lysegrønn tusj: eg måtte gå eit stykke og vente lenge.
På eit tidspunkt satt eg altså på ein trikkestopp godt på veg mot Nydalen, når det var litt for seint, litt for kaldt og med ein enorm ikea-pose full av skitne sokkar og diverse, og venta på trikken. Stemninga var laber.
Men les neste innlegg og sjå korleis det endra seg dagane etter:)
(Ooo, teaser!)
Som eg skulle gjort det sjølv!
SvarSlettSom eg skulle gjort det sjølv! For det første er kart kjempekjekt, og for det andre må ein jo utforska det ukjende, for det kjende kjenner ein jo ;D
SvarSlettJa, det var ein fin måte å sjå det på! Eg har fått fleire kommentarar om at andre faktisk har det på samme måte , det er litt godt å høyre:)
SvarSlettHahahaaaa... eg kan lett lese av dette innlegget at me er i slekt.. men eg treng ikkje meir kjøt på kroppen.. ellers heilt likt.. men kan vera at eg måtte ha tatt med både blå og orange tusj i tilegg...
SvarSlett-Renate