onsdag 16. september 2009

Eg åt ein kiwi med skalet på.



Historien var den at no er skuleåret starta igjen (hurra!), og med det Blindernlivet på lesesalen. Eg er bland dei som likar å ete medan eg les, men det er jo eigentleg ikkje lov, så eg er blitt god på å plukke ut luktfri og lydfri mat. Og DER er det kiwien kjem inn. Dermed tok eg med ein kiwi då, delt i to på førehand, så eg skulle sleppe å ta med meg kniv i tillegg til skeia. Uunngåeleg vart verken kniv eller skei med...

 

Så då satt eg der, med ein halv kiwi i kvar hand, desperat og rådvill. Eg prøvde å ta ein bit oppi for seinare å kunne vrenge skalet, men innsåg fort at det vart for grisete. Men i forsøket fekk eg med ein liten bit av skalet. Hmm, syrlig, hårete, godt.

 

Ein absurd augneblunk.

 

Eg anbefalar det, eg skal gjere det igjen, aldri meir kiwi med skei! I allefall ikkje på lesesalen.

 

Digresjon: Vakraste og tristaste youtubefilmen: 

http://www.youtube.com/watch?v=sdUUx5FdySs

Se med musikk, mine tårer trillar kvaar gong. 

søndag 7. juni 2009

Sweet djeez...

På nokre område må eg ha komt ganske langt bak i køen i skapelsen, slik at når det begynte å minke på råvarene var det likevel ikkje anna å gjere enn å berre la det vere som det blei. Med unntak av litt meir kjøt på beina og augnevipper som går meir oppover enn nedover, kunne eg tenkt meg og vore litt betre utrusta på to område: Gje meg gjerne LITT retningssans, og gje meg evna til å snakke/gjere ETTER at eg har tenkt. Men i mangel av desse to siste eigenskapane, endar eg innimellom opp som ein forvirra laks i tunfisksalaten. For eksempel no når eg skulle til Tora for å vaske klede (me har ikkje vaskemaskin i kollektivet om dagen). Vanlegvis går eg på fem min til Nationaltheatret og tar trikk eller buss derifrå, men av og til må ein vente lenge på ein av dei to, så eg sjekka på trafikanten.no om det var raskare å ta bussen oppover og via Majorsuen. Og det var det jammen. 

Eg har no gått i beskaffelse av endå eit turistart (har alltid med meg eit i veska) eins ærend for å kunne illustrere, med fargetusjar, korleis turen gjekk. 

Lilla tusj: Eg tar riktig buss/trikk i riktig retning. 

Orange tusj: Eg skulle køyrd i denne retninga når eg bytta buss/trikk.

Raud tusj: eg køyrer buss/trikk i feil retning.

Lysegrønn tusj: eg måtte gå eit stykke og vente lenge. 

På eit tidspunkt satt eg altså på ein trikkestopp godt på veg mot Nydalen, når det var litt for seint, litt for kaldt og med ein enorm ikea-pose full av skitne sokkar og diverse, og venta på trikken. Stemninga var laber. 


Men les neste innlegg og sjå korleis det endra seg dagane etter:)

(Ooo, teaser!)

Det eigentlege innlegget



Eg satt åleine på kafé på Majorstuen, hadde litt god tid før eg skulle på ein visning, og der ein kan skvise inn litt kaffi, der blir det kaffi. Men eg var som sagt åleine, så eg tok for meg eit VG som låg der. Og i det VG’et var det reklame for SE&HØR, og på framsida av det igjen stod det: ”Moskva-Marit fikk sjokk beskjed av legen: SLANK DEG ELLER DØ!” Eg tenkte ikkje så mykje over det og bladde vidare, men så såg eg opp i eit brøkdels sekund og der stod Moskva-Marit! Og ho kjøpte ein bærepose med bollar og wienerbrød og diverse søte saker! Så eg tok nokre bilete for å dokumentere hendinga, men eg kom ikkje på at eg hadde kamera når M-M var der, så det blei bilete av der ho nettopp hadde stått. Eg er fornøyd like vel:)



Den visninga var forresten drit, men no har me fått leiligheit på Adamsstuen, hurra!!!!

 

Ellers tråla Lea (studieveninne frå Bergenstida) og eg byen i går. Det var musikkens dag og tjo og hopp, mellom anna eit minitivoli på Aker brygge. Me tømte oss for alle kronestykkene me hadde, tente merkeleg nok ingen ting... 

Seinare, på butikken, kom det ein framand nesten-mann, ca 20 og sa: ”Så utrolig fint smykke du har!” ”Takk, det var mormor sitt” sa eg. Så gjekk han. Veldig uventa, litt absurd, men mest morro :D 

tirsdag 26. mai 2009

Påyll

I dag har pappa-Father of the Year - every Year vore i byen. Eg har eksamen, og pappa og Tora har det ikkje mindre travelt, men 40 minutts aktiv kvalitetstid klarte me å få til. Og eg har ete middag med skikkelig kjøtt (lam OG kylling) for fyrste gong på alt for lenge. Påfyll i hjerta og påfyll i magen.

Og Tora minna meg på den gongen eg sykla ned ei gammal dame heime. Eg hadde sykkel, men ikkje bremser viste det seg, så når det kom ein gammal mann med si gamle kone i armen, sykla eg rett i ho så ho datt langt inn i busken, sånn i sakte film. Og den gamle mannen hennas drog ho ut igjen, og dei såg heilt oppgitte på meg og trudde eg var vond tvers igjennom, noko som ikkje endra seg med at eg ikkje hjalp dei, men fortsatte å sykle nedover bakken. Hadde jo fremdeles ikkje bremser, men det fekk dei aldri vite. 

Men i går satt eg to min i sola på Blindern med ein venn, og då kom det ein spurv! (Nesten) rett i fanget mitt! Snøkvit og godheit stort som dådyrvennene hennas, eg seier ikkje meir. Ventar berre på at den høge c'en skal falle på plass.


torsdag 21. mai 2009

Afrika 2008




På walking safari, Tamale, Ghana:
Me hadde sett ein fuggel og to, nokre antilopedyr og ca tusen villsvin, men begynte å bli litt utålmodige på å få sjå noko litt meir eksotisk.

Helga: Se her, Ingvild! Løvespor!
Ingvild: Eg trur kanskje ikkje da e løva...
Helga: Jojo, oi, eg må ta bilde av det atmed min eigen fot! Menneske og vill natur, liksom...


Ingvild: Exskuse me Mister Guide, what animal is this?

Mister Guide (Høgd: ca 1,50 m. Skytevåpen: ca 1,50 m. Promille: ca 1,5):

Oh, this is turtle.




mandag 18. mai 2009

YouTube in my heart


Innimellom treng ein noko som kan distrahere tanken og dette er det finaste eg har sett på lenge-lenge! 
(Såg denne hjå deg for ei stund sidan, Marie)

 

Andre ting frå YouTube som fell i smak:



Og ikkje minst denne, eg ler så eg tissar på meg kvar gong, se heile!!!

torsdag 14. mai 2009

Rart korleis ferdigheitane mine i Gold Miner; Las Vegas auke proposjonalt med kor fort det nærmar seg eksamen...

Og eg gledar meg til å lese Juritzen si nye bok "Så dumt at bare en politiker kan ha sagt det". Utdrag frå VG-nett:

I boken har han samlet morsomme, dumme og merkelige sitater fra norske politikere de siste ti årene

JURITZENS TOPPLISTE:

Jens Stoltenberg: Jeg lovet ingenting i dag, og det skal jeg vel holde.

Thorbjørn Jagland: For å si det med tre ord - ingenting feil.

Kjell Magne Bondevik: Jeg har sagt det tusen ganger før, og nå sier jeg det for tredje og siste gang.

Kristin Halvorsen: Jeg har klatret opp suksessens stige, feiltrinn for feiltrinn.

Lars Sponheim: Hvis dagens regjering faller, så får vi en mindretallsregjering. Det har jeg bestemt.

Erik Solheim: Blir det brann i Carl I. Hagens bibliotek, går neppe uerstattelige verdier tapt.

Siv Jensen: Det har kommet mye ekkelt ut av Ap.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold: Tyskland har vært en av våre aller viktigste allierte i Europa - bestandig.

Lars Sponheim: Det er når du møter deg selv i døra at du kan føre de mest interessante samtalene.

Kristin Halvorsen: Thorbjørn Jagland er ute og sykler med påhengsmotor både foran og bak