søndag 7. juni 2009

Sweet djeez...

På nokre område må eg ha komt ganske langt bak i køen i skapelsen, slik at når det begynte å minke på råvarene var det likevel ikkje anna å gjere enn å berre la det vere som det blei. Med unntak av litt meir kjøt på beina og augnevipper som går meir oppover enn nedover, kunne eg tenkt meg og vore litt betre utrusta på to område: Gje meg gjerne LITT retningssans, og gje meg evna til å snakke/gjere ETTER at eg har tenkt. Men i mangel av desse to siste eigenskapane, endar eg innimellom opp som ein forvirra laks i tunfisksalaten. For eksempel no når eg skulle til Tora for å vaske klede (me har ikkje vaskemaskin i kollektivet om dagen). Vanlegvis går eg på fem min til Nationaltheatret og tar trikk eller buss derifrå, men av og til må ein vente lenge på ein av dei to, så eg sjekka på trafikanten.no om det var raskare å ta bussen oppover og via Majorsuen. Og det var det jammen. 

Eg har no gått i beskaffelse av endå eit turistart (har alltid med meg eit i veska) eins ærend for å kunne illustrere, med fargetusjar, korleis turen gjekk. 

Lilla tusj: Eg tar riktig buss/trikk i riktig retning. 

Orange tusj: Eg skulle køyrd i denne retninga når eg bytta buss/trikk.

Raud tusj: eg køyrer buss/trikk i feil retning.

Lysegrønn tusj: eg måtte gå eit stykke og vente lenge. 

På eit tidspunkt satt eg altså på ein trikkestopp godt på veg mot Nydalen, når det var litt for seint, litt for kaldt og med ein enorm ikea-pose full av skitne sokkar og diverse, og venta på trikken. Stemninga var laber. 


Men les neste innlegg og sjå korleis det endra seg dagane etter:)

(Ooo, teaser!)

Det eigentlege innlegget



Eg satt åleine på kafé på Majorstuen, hadde litt god tid før eg skulle på ein visning, og der ein kan skvise inn litt kaffi, der blir det kaffi. Men eg var som sagt åleine, så eg tok for meg eit VG som låg der. Og i det VG’et var det reklame for SE&HØR, og på framsida av det igjen stod det: ”Moskva-Marit fikk sjokk beskjed av legen: SLANK DEG ELLER DØ!” Eg tenkte ikkje så mykje over det og bladde vidare, men så såg eg opp i eit brøkdels sekund og der stod Moskva-Marit! Og ho kjøpte ein bærepose med bollar og wienerbrød og diverse søte saker! Så eg tok nokre bilete for å dokumentere hendinga, men eg kom ikkje på at eg hadde kamera når M-M var der, så det blei bilete av der ho nettopp hadde stått. Eg er fornøyd like vel:)



Den visninga var forresten drit, men no har me fått leiligheit på Adamsstuen, hurra!!!!

 

Ellers tråla Lea (studieveninne frå Bergenstida) og eg byen i går. Det var musikkens dag og tjo og hopp, mellom anna eit minitivoli på Aker brygge. Me tømte oss for alle kronestykkene me hadde, tente merkeleg nok ingen ting... 

Seinare, på butikken, kom det ein framand nesten-mann, ca 20 og sa: ”Så utrolig fint smykke du har!” ”Takk, det var mormor sitt” sa eg. Så gjekk han. Veldig uventa, litt absurd, men mest morro :D