
På fredag var det sol i Oslo. Eg la meg langflat i St.Hansparken med bok og blader godt innan rekkevidde, solbriller over halve fjeset, og med armar og bein rett ut. Men med over tjue år med soleerfaring var eg likevel klar over at det ikkje kom til å ha store effekten, eg er blandt dei som vert litt gyldengul på gode dagar. Og det er greitt det, men kvar gong eg skal ta ein blodprøve (ikkje at det er så ofte) får eg samme reaksjon: ”å, kor store og fine blodårer du har!” eller ”oi, me treng ikkje leite etter blodårene her nei!” Til og med på toalett med sånt ikkje-ta-dop-her-lys kan eg se blodårene mine like tydelege som ein sjiraff i ei maurtue. Så takk til min venn i nøden, sjølvbruningskremen.
Eg syns du e fin eg, uansett om du har blodårer som vise litt mer enn andre sine, og du kan jo alltids spraya deg brun og bli oransje (oransj? herregud, det ordet..). He he. Trives du i tigerstaden? :)
SvarSlett